Blog Image

Om bildene

gjennom alle tider

Tro Posted on Wed, April 21, 2010 21:40:32

For mange år sidan hadde eg ei oppleving kor dette verset frå Salme 31,11 fekk stor betydning for meg. “Mine tider er i di hånd”. Seinare har dette stadig kome opp i tankane mine. Og nå fekk eg lyst til å visualisere det. Både dei lyse og mørke tidene kviler i guds hand. Sjøl når me ikkje ser meining og framtid og håp, så står det her svart på kvitt, at Gud har omsorg for oss uansett omstende eller følelsar. Livet er som eit lappeteppe, og ringane kan symbolisere årringar…



Håp

Tro Posted on Wed, April 21, 2010 20:33:29

I dette bildet har eg fleire tankar. Fargevalg: Svart-kvitt. Livet kan ha mørke og lyse sider og tider. Men som oftast er det både-og. Når livet er grått, blir det ekstra sterkt når fargane trer fram.

Eg har kalla bildet for håp. Det lyse trer fram som eit kors i det grå og svarte. Berre påskens budskap kan gje så sterk grunn til håp og glede.

Jes 1,18
Om syndene dykkar er som purpur,
skal dei verta kvite som snø;
om dei er raude som skarlak,
skal dei verta kvite som ull.